Stien starter ved skilt med "tursti", ca 50 m retning Skjoldastraumen på venstre side. Stien går gjennom furu- og lauvskog heilt opp til Skrubbahaugen 280 m.o.h. Noko myrlendt enkelte plasser. Vi går gjennom Glimmergruvene kor informasjonstavla står. Etter Skrubbahaugen går ein delvis på berg og sti opp mot toppunktet Vardafjell 377 m.o.h. Her har ein utsikt mot Krakkalia, Aksdalsvatnet, og heile Skjold-bygda. Her ligg turboka, og hugs å ha på godt fottøy.
Kulturminne:
Oppe ved Skrubbahaugen kan vi sjå rester etter Glimmergruver: Gruvene blei drive av Oslofirmaet Preben I. Gjertsen, men arbeidskrafta var for det meste lokal. I begynnelsen blei gruvene drive tradisjonelt med feisel og minebor, men etter kvart fekk ein frakta opp luftkompressor. Glimmeret blei frakta ned med taubane.
Endestasjonen skal ha vore ved vegen til Skjoldastraumen, litt sør for vegkrysset der vi startar turen. Gruvene var berre i drift under 2.verdenskrig. Glimmeret blei eksportert til Tyskland og blei m.a. brukt som isolasjon i anlegg med høg temperatur. (Utdrag fra "Turtips" Haugesund Turistforening 2007). Oppe ved Skrubbahaugen finn de informasjonstavle med oppslag om historie frå gruvedrifta, fortald av to som arbeidde der. Historia er nedskrive av Gunnar Listog.