Steiestølen rundt, F15 - 12 km

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 10,4 km
  • 4 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 611 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Rundtur: Dyttinga, Taket, Styggeheia, Namnlausevatna, Slettelandsstølen.

Stistart ved Dyttinga: Start med steinvandring over elva. På grusveg opp til Myklebuststølen, vidare bratt opp lia til Fjellsendevatnet. Jamn stigning mot varden på Taket. Vidare ned mot Holmevatna og opp mellom skjeringa med lett stigning mot Styggeheia og deretter vekslande fjellterreng mot Namnlausevatna. Derfrå bratt ned til Torvevatnet og vidare langs Botnavatnet og Slettelandsvatnet til Slettelandsstølen. Grusveg siste del tilbake til parkering.

Stistart ved Røde Kors-hytta: Ein skal ikkje køyre bil inn på Slettelandsstølen då dette er privat veg. Gå til Slettelandsstølen (grusveg) forbi Slettelandsvatnet og videre på merka sti (blå) til Torvevatnet, Namnlausevatna, Styggeheia, Taket og ned at via Myklebuststølen.

Adkomst med egen bil

Følg fv. 393 inn Vassdalen (køyrer av ved Hålandsbrua på fv. 57 nokre km sør for Dale) og vidare på kommunal veg opp til Steiestølen. Parker ved Dyttinga (stein vandring) eller ved Røde Kors-hytta. Bruk Turkart Hyllestad - Fjaler i målestokk 1 : 50 000
Annonse

on the path