Passer bom inn på skogsveg og etter 15-20 min. frå parkeringa, ta av til høgre opp ein kort sideveg som tek deg til godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet renn det ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon den 7. sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, treng du ikkje vera i tvil om at du er framme ved Myrstøl. Nyt freden, stilla og nistepakken. Kjem du hit på hausten kan du kanskje høyra hjortebrøl i lia.