Grytadalen - Terdalskeipen 

Publisert av: Flora Turlag 
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,7 km
    2 timer
    Turen går én vei, fra A-B
  • Sesong
    Hele året

Terdalskeipen

Tur på fjellet frå Grytadalen, her er det fint fjellterreng. Turen er ein naturoppleving og kan gje mange fine minner om dyreliv, planter og fiskeoppleving (sommartid og husk å kjøpe fiskekort). Terrenget er lett å gå. Du treng ikkje gå på alle toppane for å få fin utsikt, du får ein flott utsikt berre ved å vandre rundt i terrenget.

Tar du turen opp på toppane er det flott utsikt ut mot Alden/Bulandet, øyriket utanfor Florø og nord til Hornelen. Ein har også fin utsikt innover fjellheimen, der Haukåbøra / Børa stikk seg majestetisk opp.

Det er merka løype vestover fjellet til Årebrot, del av Flora Turlag si rute frå ”Hav til Bre”. Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg ca 400 høgt . På plassen er det informasjonstavle. Like ved vegen ligg første fiskevatnet, Kupevatnet og området er vokse til av ein del fjellbjørk, krattskog. Litt lenger vest deler stien seg. Vel ein å gå mot venstre, då kan ein gå fram til Rundevatnet og Klauvestølen. Litt lenger nede ligg Klauvevatnet. Fortset ein rett fram har ein Langevatnet på høgre side og Rundevatnet på venstre side. Det er ein motbakke opp til Akslaskaret. Er ein litt sliten etter oppoverbakken, gløymer ein fort det, når det fine naturterrenget vestover opnar seg etterkvart som ein kjem gjennom skaret.
I Akslskaret tar du av mot Terdalskeipen, ta til venstre og følgjer fjellryggen utover, varda rute. På toppen, Aksla og ved den første store varden ligg utkiksposten frå krigen. Gå nokre meter lengre fram før du tar ned. Det står eit pilskilt som viser vegen videre utover der du går ned til utkiksposten.
Det er turbokkasse på Terdalskeipen.
Terdalskeipen er 744 moh

Turmålet kan også nyttast som ski tur, men då startar ein ved den øvre parkeringsplassen



Slik kommer du deg dit

Adkomst

Kjør opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på vestre side.
Annonse

Publisert av