Stien startar i Krossteigen. Den er godt rydda og merka, men går over ein del myrlende og bratte parti. Kloppar er lagt ut i dei våtaste områda og frå toppen har ein panoramautsikt til fjord, fjell, øyar og skjær. Høgefjellet når opp til 394 moh. og turen tar om lag 3 timar.