Frå toppen av Kjerringnova ser ein tydeleg kontrasten i landskapet i overgangen mellom vestlandsk skjergard og det dramatiske fjordlandskapet. Dette er eit av dei flottaste utsiktspunkta i Gulen og på toppen finn du ein utsiktskikkert og kart som viser namn på fjella du ser.
Stien startar i Taskevika, 10 min. gange nordover fylkesvegen mot Dingja. Det er god skogsløype opp til Taskebotn med fleire pauseplassar undervegs. Steinlagt elv kan vere litt stor i periodar med mykje regn. Postkasse med infokart og trimpost finn ein i Taskebotn. Etter vegdele i Taskebotn stig stien nokså bratt opp til Mjåfjellet, og utsikten opnar seg i alle retningar. Opp mot Kjerringfjellet er det tjern, flater og lange parti med fine berg. Turen tar 2,5 timar.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding