Nordsjøløypa på Værøyna, A2

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,4 km
  • 45 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 85 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Parker på ferjeleiet og gå vestover. I det første krysset (ved Nybø) er det skilta til Nordsjøløypa. Ein kan òg starte frå vest. Då køyrer ein mot Bulandet og parkerer på parkeringsplassen på austsida av fylkesvegen ved Loran-C masta.
Løypa fylgjer den gamle skulevegen som ungane i Myrvågen brukte frå
omlag 1900 til 1939. Den er 2,4 km lang og det tek vel ein halvtime å gå løypa. Terrenget er variert, frå furuskog til nakne berg og myr. Over dei
våtaste partia er det laga klopper, så ein kan komme seg tørskodd over.
Dersom du har tenkt deg ein tur opp på Høgkletten (163 m.o.h), tek
Nordsjøløypa deg til startpunktet.

Adkomst med egen bil

Parker på ferjeleiet på Værøy og gå vestover. Bruk Turkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000
Annonse

on the path