Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland - A6

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,3 km
  • 1 t
  • Rundtur
  • 167 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Herland - Brurastakken (177 moh) - Geologiløypa - Herland

Skilta frå småbåthamna, ny sti går frå bustadfelt på høgda. Gå mot aust og opp bakken. Ta av til venstre ved stor grind og grusveg . Lett stigning mellom lyng og på berg. Etter 1 km kjem ein til tyskarhytta. Her hadde tyskarane utkikkspunkt og tilhaldsstad under krigen.

Eit lite stykke før toppen av Brurastakken kjem ein til eit skilje der stien er skilta mot riksvegen. Om ein går ned her er det 2 km til Herland. Litt nermare toppen er eit anna skilje som er skilta til Geologiløypa, som er 2 km. Denne stien går ned mot sjøen, og framom Brurastakken. Her er like vakkert i storm som i stille. Fjellet sine foldingar med materiale frå devontida får du her sjå på nert hald. Litt bratt nedstiging mot sjøkanten, og ein del våte parti, stige heilt nedst i lia. Frå sjøen er litt stigning opp igjen til riksvegen. Området har eit rikt og variert planteliv.

Stien består soleis av to sløyfer. Om ein startar på høgda før Herland kan ein velje mellom å gå mot syd i Geologiløypa som er 2,5 km. Eller ein kan gå mot nord og opp gjelet som tyskarane skaut ut under krigen, 0,6 km til Brurastakken. Her i frå er det 2 km i lett nedoverbakke mot Herland.»

Adkomst med egen bil

Start ved Herland på Atløyna. Bruk Turkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000
Annonse

on the path