Industriminneløypa - A17

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,8 km
  • 1 t
  • Rundtur
  • 188 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Turen startar ved Stongfjorden skule. Her er det skogsveg austover inn
Gjerdedalen mot Trengeskaret. Vi passerar ei fotballbane og ein spesiell
Gapahuk. Ved Trengeskaret går stien nordover gjennom frodig lauvskog i noko myrlent terreng, over Åsen, forbi Svanetjønna og til Demma. Vi går over berga vestafor demninga og vidare på grusveg der gamle renna til
kraftstasjonen låg. Siste del av stien går fram på åskanten og vidare ned til gamle inntakskammeret. Her opplever ein bygda sin
historiske atmosfære. Sunnfjord Geosenter ligg i enden av stien.
Parkering ved Stongfjorden sentrum. Turen tar ca 1 time.

Adkomst med egen bil

Turen startar ved Stongfjorden skule. Bruk Turkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000.
Annonse