Med 1305 meter er Blegja den høgste fjelltoppen i ytre Sunnfjord. Parkering er ved informasjonstavla til Askvoll kommune. Sjølve stien startar 100 meter lenger framme, retning Askvoll. Turen opp er krevjande og ein tek 5-6 timar i moderat tempo. ca. 9,8 km tur/retur. Første del av turen går på tydlege stiar fram til den private hytta Nipebu. Ruta går så i retning Rørviknipa på utydeleg sti til foten av nipa. Stien følgjer fjellfoten fram til Nipevatnet. Stien er delvis merka med vardar. Herifrå ser du topplatået på Blegja. Ein går først langs venstre sida av Nipevatnet, så litt oppe i fjellsida. Deretter kryssar ein ei laus steinur før ein kjem til ein fjellrygg. Her går ein opp fjellryggen til ei steinur i retning skaret mellom egga på Rørviknipa og Blegjaplatået med lett klatring dei siste meterane opp på platået. Varden ligg nord på platået med utsikt til Alden, Jostedalsbreen og dei sju fjell rundt Bergen.
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Parkering er ved informasjonstavla til Askvoll kommune. BrukTurkart Askvoll i målestokk 1 : 50 000
Annonse
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.