Dalen - Rui - Eidsborg, I Rui-jentenes fotspor

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 5,8 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 680 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt

Krevjande tur spekka med kultur og historie. 

Frå starten av trappa og opp til Rui-plassen er det 1 km å gå ein veg, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring. Turen heilt fram til museet i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar ein veg.

For å komme til Rui går du i Rui-jentenes fotspor frå Dalen på eit kunstverk av ei trapp, laga av sherpaer frå Nepal. «Beintsteberg» blir stien kalla lokalt, som tyder den beinaste (kortaste) vegen opp berget. Mykje arbeid er lagt ned i trappa, og opplevinga med først å gå i vakre trappa som snirklar seg opp berget, for så å komme opp i høgda til vakraste Rui-plassen er heilt unik.

Turen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, du ser starten på trappa over vegen for Dalen B&B og Blomsterbua, ved sidan av ambulansestasjonen. 

Steinen du går på er brynestein! Brynestein frå Eidsborg er Noregs eldste eksportprodukt, frå vikingetid fram til 1950 blei millionar av bryner frakta ned vassdraget (Telemarkskanalen) og ut i den store verda.

Frå starten av trappa og opp til Rui-plassen er det 1 km å gå ein veg, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring. Turen heilt fram til museet i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar ein veg.

Du kan også gå frå Lastein Bryggje (Dalen). På bryggja legg båtane på Telemarkskanalen til, om sommaren er det her flott utstilling på Dalen Bryggjeutstilling og servering på Lastein Bryggjekafe. Sommarope kiosk/turistkontor, bobilparkering og gjestehavn. 

God plass til parkering både på bryggja og i sentrum, i sentrum anten ved Coop eller oppe ved turistkontoret.

Går du frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står utanfor turistkontoret (Hotellvegen 16). Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 meter høge. Turistkontoret har turbrosjyre og gode turtips, velkommen innom!

Guida tur til Rui på faste dagar i sommarsesongen, elles i året etter avtale, kontakt oss på turistkontoret.

Frå starten av trappa og opp til Rui er det 1 km å gå, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring. Turen heilt fram til museet i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar.

I løpet av turen til Rui får du med deg fantastiske utsynspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs.

Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.

Rui-plassen er i privat eige. Det er ikkje lov å campe på Rui eller i området rundt, verken i telt eller hengekøye. Sykkel på Rui er heller ikkje greit. Familien Haukelidsæter legg ned mykje arbeid på å skjøtte bygningar og kulturlandskap, og halde Rui-plassen open og tilgjengeleg for oss alle, noko me er svært takknemlege for❤️

Vis omsyn til bygningar og kulturlandskap, ta med søppel heim og ingen camping.

Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste og flottaste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje.  Rui-jentene ligg gravlagd saman med far Johan ved Eidsborg Stavkyrkje.

Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta deg ein tur opp til Brynesteinbrotet Brunåslid, ein tur på 4 km. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet.

Turfakta:

Tilgjengeleg:  april – oktober (sjekk med turistkontor før du legg i veg!) 

Turkart: Miniguide Dalen - Rui  - Eidsborg / Turkart Tokke 1 : 50000

Lengde: 1 km til Rui/ 5 km til Eidsborg (ein veg)

Gradering: Raud (krevjande)

Totale høgdemeter: 468

Skotøy: Gode tursko

Høgaste punkt:  Eidsborg 540 moh

Les meir om Rui-jentene:

Boka om "Rui-jentene som kom til Kongen" er til sals på turistkontoret.

Les om Rui-jentene på telemarkshistorier.no

Telemarkspodden: Rui-jentene - arven etter Ingerine og Gurine 

Trapp opp formen! Her er Noregs lengste, flottaste og mest unike trappestiar (Visit Norway artikkel) 

Adkomst med egen bil

Om du kjem langs E-134 frå aust ta av i Høydalsmo og fylj Fv.450 til Dalen. Køyr inn i sentrum og parkere ved Coop og Blomsterbua eller ved turistkontoret i Hotellvegen 16. Turen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, ved ambulansestasjonen, rett over vegen for Dalen B&B og Blomsterbua. Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen, parkering i Dalen sentrum ved turistkontoret. 

Adkomst med kollektivtransport

Annonse