Dalen - Rui-plassen - Eidsborg

Publisert av: VandreTelemark-VisitDalen
  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Middels
  • Lengde og varighet
    4,7 km
    2 timer
    En vei
  • Sesong
    Apr - okt
Denne turen kan du starte frå Dalen Bryggje eller frå Dalen sentrum. Opp til husmannsplassen Rui er det om lag 1,5km godt opparbeid turveg men den er bratt. Her finn du infotavler og kvilebenkar. Vel framme på Rui kan du nyte ein fantstisk utsikt og lese historia om dei to små systrane som var dei siste fastbuande her. Boka som er skrive om dei er for sal på turistkontoret.
Frå Rui er det ein avstikkar bort til Riarhamaren der du kan lese om ei dramatisk hending og få Dalen i fugleperspektiv. Ver varsam framme på kanten.

Frå Rui og opp til Eidsborg er vegen litt slakare. Som mål for turen ligg Vest-Telemark Museum og Eidsborg Stavkyrkje..

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Om du kjem langs E-134 frå aust ta av i Høydalsmo og fylj Fv.45 til Dalen.
Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget.
Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen. Du vel om du vil parkere på Dalen Bryggje og starte der eller i Dalen sentrum.

VandreTelemark-VisitDalen