Flott og lang tur mellom Sogndal og Solvorn som også kan kombinerast med andre turmål. Turen starter på veg innover Barsnesfjorden med eit rikt kulturlandskap attmed fjorden. I Saurane går turen over på sti og oppover mot Dal og Helgasete som begge er flotte stølsvollar der kulturlandskapet vert halde i hevd med sau som beitar. I frå Helgasete finn du stien vidare på toppen av stølsvollen. Vidare kan du velje om du vil ta turen opp til Solvorn-nipa på 1031 moh. eller følge merka sti gjennom skardet før det stuper ned til Solvorn. Ein kan også gjere ei sløyfe her og gå nedatt til Helgasete og Sogndal. På veg ned til Solvorn går turen via Setålen. Herifrå kan ein også gå til Øvrebøstølen og Galden om ein ynskjer det. Vidare ned til Solvorn fylgjer ein sti i skogen til ein kjem ned på ein traktorveg. Følg skilt til Solvorn. Inntegningen av denne turen er gjort etter skjønn og ikkje GPS spor. Det vil difor forekomme noko avvik.
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Turen kan starte i Sogndal sentrum eller ute på Barsenes. Om du har bil må du parkere på Barsnes på veglomme ved fjorden. Det er veldig fint å starte denne turen med å sykle inn til Saurane. Respekter grinder og beitedyr.
Annonse
on the path
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.