Tordisnuten (440 m.o.h.) frå det gamle skulehuset i Stokkadalen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,7 km
  • 1 t, 45 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 343 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar ved traktorveg like nedanfor det gamle skulehuset i Stokkadalen. Skogsvegen er god å følgja oppover. Du vil sjå nokre namneskilt langs vegen, t.d. Longabrekka og Trollsvingane. Desse namna har sine historiar. Der du tek av frå skogsvegen, er det merka med skilt til Tordisnuten. Ved dette vegskiljet står også eit skilt som viser vegen/stien vidare til Nising. På Tordisnuten er det fin utsikt i alle retningar. Eit lite stykke nedanfor varden på toppen mot Nedre Vats/Tjeltveit, om lag 150 m, har speiderane sett opp ein liten varde og turkasse med turbok som du kan skriva deg i.

Når du har slappa av og ete nista di, må du ta valget om du vil gå ned igjen same vegen til det gamle skulehuset der du starta, eller gå ned til Tjeltveit og koma ned til parkeringsplassen v/Tjeltveit og bilvegen der. Har du bilen ved gamleskulen, er det om lag 1,5 km. å gå opp til P-plassen ved gamleskulen.

Terreng:
Du går på ein skogsveg som slynger seg oppover i lia i blandingsskog før du tar av og går vidare på ein rydda og merka sti i lett terreng gjennom buskar og tre opp til toppen.

Fottøy:
Gode tette sko, helst fjellsko.

Historie:
Segna om TORDISNUTEN - kvifor dette namnet?

Då Svartedauden herja i Noreg, kom sjuka òg til Stokkadalen i Vats. Dei døydde i alle gardane, så nær som ei jente. Namnet hennar var Tordis. Etter ei tid tok ho seg fram mot fjelldraget på vestre sida av vatnet for å sjå om det kunne vera liv i andre grender rundt fjordane. Ho reika rundt på dei høgaste brynene i sør og vest. Berre frå ei stove steig det opp røyk, og det var på Raunes på nordvestsida av fjorden. Ho tok seg ned til fjorden på Stokkasida, fekk ropa over, og den eine attlevande der rodde over. Dette var ein ung gut, og dei to slo seg saman og flytta til Stokkadalen.

Frå desse to ættar alle på Stokkadalen i dag. Nuten ho tok seg opp på, vart kalla Tordisnuten, og ber det namnet den dag i dag. Og det blir sagt at i alle ættledar har kvinnenamnet Tordis vore halde oppe, og det like til den dag i dag.

Adkomst med egen bil

Ta av E134 ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venste , sjå skilt. Kjør 4,5 km frå Åmsosen mot Stokkadalen, eller 1,5 km lenger inn enn frå Tjelteit, til du kjem til det gamleskulehuset i Stokkadalen. Skilta P-plass like ovanfor skulehuset hos grunneigar Harald Selsås.
Annonse