Aksla (693 m.o.h.) via Vardafjellet (661 m.o.h.) frå Blikra

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 5,2 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 715 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er bygd ved elva nede hos Åsmund Kalstveit på Svantesvoll - dette leverer all straum til 2 gardsbruk: Svantesvoll og Blikra - overskotet blir seld. Nedanfor inntaket til vassverket kan du også sjå små jettegryuter i elva. Sjå skilt til desse.
Følg traktorvegen vidare omlag 150 m oppforbi vassverkinntaket og då kjem du til til skiltet "KVILESTEINEN" - her må du ta ein pause og sjå utover bygda og få pusten igjen etter tunge bakkar oppover. Det var alltid vanleg å kvila her i gamle dagar for folk på Blikra som skulle til fjells. Før traktorvegen kom, måtte dei gjerne ta ein matbit også her på steinen før turen gjekk vidare oppover enda fleire bratte liar. Flott utsikt over bygda herifrå.

 
Oppe ved Buskard (ca. 500 m o. h.) der traktorvegen endar, er det godt skilta, merka og rydda sti heilt opp til toppen av Vardafjellet. Du er nå på "høgfjellet" og har det fritt og fint - låg vegetasjon dominerer. Sjå og høyr etter dyre- og fuglelivet. Når du kjem til bekken som kjem frå Stemvatnet, kan du ta ein liten pause ved ein stor hidler. Under hidleren har både folk og dyr søkt ly for ver og vind. Litt lenger oppe ser du skilt til Stemvatnet og dette vatnet er drikkevasskjelda for mange i Blikrabygda. Dette vatnet blir også brukt i småkraftverket på Blikra/Svantesvoll Blikraåna kraftverk. Dersom du tek turen inn til Stemvatnet for å ta ein pause, kan du herifrå gå vidare opp til Vardafjellet, men stien opp herifrå er ikkje merka, men det er likevel lett å finna fram når du veit retningen opp til varden. 


Oppe på Vardafjellet finn du ein fin varde som vart restaurert av speidarane for ein del år sidan. Her finn du også ein turkasse til speiderane med bok i. Skriv deg inn her og bli med på Nutafantkonkurransen. Frå varden er det svært fin og mektig utsikt, du ser langt vestover mot havet. Om du vil, kan du herifrå gå vidare mot Åksla. Her kan du følgje skilt.
Nede ved Durmålskard står det skilt til Aurdal via Sletthaug. Stien ned er skilta, merka og rydda. Fyrste del av denne stien ned frå Durmålskard er temmeleg bratt.
På Åksla står ein flott varde, ein tusenårsvarde/milleniumsvarde. Varden vart laga av 18 ivrige personar 17. okt. 1999. Det var meininga at det skulle brenna eit bål på varden nyttårsafta 1999/2000, men p.g.a. dårleg ver med regn og skodde, kunne ikkje dette gjennomførast.

Terreng:
2,5 km lang og bratt traktorveg opp til Buskard (490 m .o. h.). Frå Buskard er det lett terreng å gå innover, men ein del myrlendt nokre stader. Dersom du går via Vardafjellet, er det litt bratt opp til varden på Vardafjellet, men herifrå er det lett å gå ned til Durmålskar. Herifrå går det ein litt bratt og god sti opp til sjølve Åksla. Følg merkepinnar.

Fottøy:
Fjellsko.

Adkomst med egen bil

Kjør om lag 2,5 km frå Knapphus mot Ølen på E134 til du kjem til vegkryss med skilt til Blikrabygda. Ta av til høgre og følg denne vegen 3,8 km - ta av til venstre 100 m etter at du har passert brua nedanfor Blikrabygda bedehus. Følg vegen 300 m og ta av til venstre ved Egil Leifsen - her ser du TURSTI-skilt ved postkassestativet. Kjør gjennom gardstunet til Egil Leifsen og opp til neste gard. Her finn du parkeringsplass like ovanfor løa hos Torunn Blikra. 

Her står info.tavle og skilt til dei ulike turane. Her er felles utgangspunkt for fleire fine turar på traktorveg langt oppover.

Annonse