Fottur til Døldaren (735 m.o.h.) frå Blikra

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 10,0 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 716 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

God traktorveg som slynger seg 2,5 km opp gjennom granskog og bjørkeliar til Buskard der traktorvegen sluttar. Halvvegs oppover på traktorvegen ser du vassinntaket i elva til småkraftverket som er bygd ved elva nede hos Åsmund Kalstveit på Svantesvoll - dette leverer all straum til 2 gardsbruk: Svantesvoll og Blikra - overskotet blir seld. Nedanfor inntaket til vassverket kan du også sjå små jettegryuter i elva. Sjå skilt til desse.

Følg traktorvegen vidare omlag 150 m oppforbi vassverkinntake, og då kjem du til skiltet "KVILESTEINEN". Her må du ta ein pause og sjå utover bygda og ta deg ein pust i bakken etter tunge bakkar oppover. Det var alltid vanleg å kvila her i gamle dagar for folk på Blikra som skulle til fjells. Før traktorvegen kom, måtte dei gjerne ta ein matbit også her på steinen før turen gjekk vidare oppover enda fleire bratte liar.

Oppe ved Buskard (ca. 500 m o. h.) står det namneskilt til andre fine turar i fjellet. Her finn du skilt og merkepinnar som syner stien til Døldaren. På Buskard er du komen opp på "høgfjellet" med fjellvegetasjon og dyreliv. Ha augene og øyrene opne, så kan du både sjå og høyra dyre- og fuglelivet i fjellheimen her. Ved hytta Døldarheim kan du ta ein god kvil i hytteveggen før du tar siste veg-stubben opp til toppen av Døldaren. Hytta er open og inne ligg ei gjestebok på bordet som du kan skriva deg inn i. Stien vidare til Døldaren er godt merka med merkepinnar.

Døldaren er eit flott turmål for folk i Vats og frå Sandeid. Det er i dette området det blir planlagt vindkraftverk: Døldarheia vindkraftverk. Viss og når dette prosjektet blir bygd ut, vil det endra svært mykje i dette fjellområdet med store vindturbinar og gode vegar.

Terreng:
2,5 km lang og bratt traktorveg opp til Buskard (490 m o. h.) Herifrå og innover mot hytta Døldarheim er det forholdsvis lett å gå, men ein del myrlendt. Frå denne hytta og opp til fjelltoppen Døldaren kan det vera noko tungt å gå.

Fottøy:
Gode tette sko - helst fjellsko.

Adkomst med egen bil

Kjør om lag 2,5 km frå Knapphus mot Ølen på E134 til du kjem til vegkryss med skilt til Blikrabygda. Ta av til høgre og følg denne vegen 3,8 km - ta av til venstre 100 m etter at du har passert brua nedanfor Blikrabygda bedehus. Følg vegen 300 m og ta av til venstre ved Egil Leifsen - her ser du TURSTI-skilt ved postkassestativet. Kjør gjennom gardstunet til Egil Leifsen og opp til neste gard. Her finn du parkeringsplass like ovanfor løa hos Torunn Blikra. 

Her står info.tavle og skilt til dei ulike turane. Her er felles utgangspunkt for fleire fine turar på traktorveg langt oppover.

Annonse