Nordsjøløypa på Stolmen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,6 km
  • 1 t, 15 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 86 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Nordsjøløypa på Stolmen går frå Nord til Sør langs mesteparten av Stolmen. Ein kan starte frå bakketoppen like Sør for Kvalvåg eller frå Sør like ved butikken på Årland. Løypa går i fint terreng med fleire flotte stader å stoppa på. Ein vil passere Såta (60 moh) som er høgaste punktet på Stolmen og vidare Sørover går løypa forbi Laiens plass (rasteplass med skilt i berget) før ho lengst Sør går gjennom tunet ved "Samsonhuset" der ein kan sjå klagemuren til Samson og alle murane han laga der mens han levde.

Løypa er merka med blå N merkje.

Frå huset til Samson er det og verdt å ta ein liten tur nedom Kyrkjevika og sjå storhavet sitt arbeid mot fjøresteinane og vika der.

Adkomst med egen bil

Det er god parkering ved begge statpunkta for løypa.
Annonse