Fottur til Frierane (410 m o.h.) frå Gjerdesdalen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,0 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 276 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen går langs skogsveg heilt opp til Friarane, og her kan det vera noko bratt.

Namnet Frierane har sin historie:
Ein mann frå Landa gjekk på friarføter til ei jente frå Gjerdesdalen. Folk såg denne karen gå oppover lia til desse steinane rett som det var. Han hadde alltid ei kvit hua på hovudet. Her oppe traff han denne jenta etter avtale. Her ved dei store steinane har denne karen fridd til jenta. Han fekk ja på friarspørsmålet dei to vart gifte. Derfor heiter desse steinane Frierane. Dette paret busette seg i Gjerdesdalen.

Frierane er også ein skiftestein, for her møter grensene mellom 3 gardar: Eikje i Gjerdesdalen og Bakkevold og Vestvoll i Blikrabygda.

Frå Friarane kan ein gå lengre turar. Til Hovda eller Brennesteg. Sjå skilt og merka turstiar.

Adkomst med egen bil

Følg riksveg 46 frå Knapphus. Etter ca 8 km står det skilt om tursti (ved Gjerdesdalsvatnet). Følg denne private vegen til endes, og her finn du parkeringsplass og informasjonstavle.

Annonse

on the path