Traktorvegen snor seg oppover lia gjennom parti med gran- og bjørkeskog. Dersom du har lyst, kan du ta av ved skiltet "STI GJENNOM LERKESKOG". Ein opplevelsestur, der du følg merkinga og stien munnar ut på traktorvegen litt lenger oppe. Før du kjem til Dyrhaug, kjem du til ein rasteplass med gode steinbord. Her kan du sjølvsagt stoppa og kvila deg litt før du kjem til Dyrhaug 250 m lenger oppe. Ved skiltet "DYRHAUG" går du gjennom ei grind. Her ligg ei privathytte til høgre. Like ovanfor hytta er det laga til ein rasteplass med eit steinbord. Herifrå har du flott utsikt over Vatsbygda og fjella rundt. Vel verdt å ta denne turen. Ta fram nista di og nyt stunda.
Frå Dyrhaug kan du ta turar vidare til Ørnaberget og Stemmetjørna eller følga traktorvegen vidare innover til Veldehytta, Morgonsvatnet, Ulserhaug, Vikestølen, Eikås/Bjoa, Vikebygd eller Longåsdalen/Bjordal.
Terreng:
God traktorveg, nokre bratte parti.
Fottøy:
Vanlege sko, men gode tette sko om du vil gå vidare.
Frå Knapphus - kjør omlag 2,5 km nordover langs E 134 mot Ølen til Eikesdalsvegen. Her står det skilt til Eikesdal til venstre og TURSTI-skilt. Følg vegen omlag 700 m oppover til du kjem til skilta P-plass.
Her finn du info.tavle og kart over mange fine turar som startar herifrå.