Grånuten (frå Vindafjordtunet) 531 m.o.h.

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 3,3 km
  • 1 t, 30 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 512 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Du startar med å gå på god traktorveg/bilveg på nordsida av sjukeheimen. Følg skiltinga oppover. Traktorvegen svingar seg oppover lia 2 km ta av til venstre gjennom ei grind og vidare opp gjennom lia på litt dårlegare traktorveg 300 m. Følg skilt og ta så til venstre inn på merka og rydda sti. Her kan du nyta roen mellom trea og lytta til fuglesongen eller få auga på anna liv i terrenget.

Dette er ein fin fjelltur, men kan vera litt krevjande. Oppover traktorvegen er det fin panoramautsikt over bygda. Hugs bandtvang og beitande sauer her.

Oppe på Grånuten er det flott utsikt i fleire retningar. Dersom du vil, kan du herifrå gå vidare til Fuglen og ned Haukadalen til E 134 ved Krakk. Det er skilt og merkepinnar heile vegen.

Adkomst med egen bil

På riksveg 46 frå Knapphus - Kjør 5 km frå Knapphus mot Nedre Vats til Kårhus v/sjukeheimen og parker her. Her finn du også informasjonstavle. 

Annonse