Stemmetjørna (300 m.o.h.) via Dyrhaug (260 m.o.h.) frå Eikesdalsvegen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,3 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 256 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Traktorvegen går heilt opp til Dyrhaug, 1,6 km, som er lett å gå sjølv om det kan vera nokre bratte partier. Om lag 800 m lenger opp frå parkeingsplassen står eit skilt "Sti gjennom lerkeskog". Her kan du få ein fin opplevelse å gå på mjuk skogsbotn av barnåler. Du kjem inn på same traktorvegen litt lenger opp etter denne fine avstikkaren. Det er noko spesielt å gå gjennom ein slik tett lerkeskog både for vaksne og barn. 

Vegen vidare oppover svingar seg gjennom granskog og bjørkeskog. Ein fredeleg og fin tur. På Dyrhaug bør du ta ein liten avstikkar til høgre, sjå skilt, og gå gjennom grinda opp til rasteplassen like ovanfor hytta, berre 100 m. Her bør du ta ein pause på rasteplassen og nyta utsikta. 

Ved Dyrhaug går fellessti vidare til Ørnaberget og Stemmetjørna. Stien er godt merka med merkepinnar og er lett å gå på, nokre våte parti. Oppe på Ørnaberget er det flott utsikt over heile Vatsbygda og innover til Ølen. Det er ein fin familietur. Dersom du ikkje vil gå same veg tilbake, kan du gå ned til E134, 1,6 km ned mot Tjelmarmyra ved å følga skilta sti nedover liane i eit meir kupert terreng. Nede ved Tjelmarmyra er det ikkje lange vegen opp til parkeringsplassen der du kanskje har bilen ståande. Følg skilta og merkepinnane nedover, og dette er ein fin rundtur.

Terreng:
Følg god traktorveg med nokre bratte parti opp til Dyrhaug. Stien vidare er lett å gå på, godt merka, og nokre våte parti før du svingar opp til Ørnaberget.

Fottøy:
Gode tette sko.

Adkomst med egen bil

Frå Knapphus - kjør omlag 2,5 km nordover langs E134 mot Ølen til Eikesdalsvegen. Her står det skilt til Eikesdal til venstre og TURSTI-skilt. Følg vegen omlag 700 m oppover til du kjem til skilta P-plass. 

Her finn du info.tavle og kart over mange fine turar som startar herifrå.

Annonse