Veldehytta (360 m.o.h.) frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats

Publisert av: Vindafjord kommune

Veldehytta (360 m.o.h.) frå Eikesdalsvegen i Øvre Vats

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    3,2 km
    1 time
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Følg traktorvegen heilt fram. Om lag 800m opp frå start kan du ta ein avstikkar og gå på ”Sti gjennom lerkeskog” og koma inn på traktorvegen litt lenger oppe. Dette er ein fin opplevelsestur i tett lerkeskog – mjukt underlag av barnåler. Når du kjem til Dyrhaug, (her står skilt) kan du ta ein liten avstikkar til høgre - 50 m opp ligg ei privathytte – og like ovanfor denne ligg ein flott rasteplass med fin utsikt over Vatsbygda. Ta fram nistepakken her og nyt utsikten før du går vidare. Det kan vera godt med ein kvild etter kneikane oppover. Sjå skilt som står ved vegkrysset her. Vegen vidare er mykje lettare å gå. Om lag 600 m oppover kjem du til eit skilt ”REVABÅS” og 50 m opp til høgre ligg denne gamle fangstfella for rev - murt fint inn i ura. Sjå informasjon om revabåsfella på eiga info.tavle/revabåsen. Ta ein kikk på denne før du går vidare innover til Veldehytta. Veldehytta er alltid open. Her kan du nyta nista di inne eller ute . Ute er det ein grillplass i gamal husmur. På bordet inne i hytta ligg ei hyttebok du kan skriva deg inn i. Ved Veldehytta er det godt skilta til nye turmål om du vil. Sjå skilt og merking til nye turmål: Morgonsvatnet, Ulserhaug, Vikestølen, Eikås/Bjoa, Vikebygd, Longåsdalen, Bjordal.

Terreng:
Traktorveg heilt inn til hytta - nokre bratte parti.

Fottøy:
Vanlege sko, men skal du vidare frå Veldehytta, må du ha gode tette sko.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Frå Knapphus - kjør omlag 2,5 km nordover langs E 134 mot Ølen til Eikesdalsvegen. Her står det skilt til Eikesdal til venstre og TURSTI-skilt. Følg vegen omlag 700 m oppover til du kjem til skilta P-plass. Her finn du info.tavle og kart over mange fine turar som startar herifrå.