Fottur til Sletthaug 485 moh frå Aurdal i Øvre Vats

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,8 km
  • 1 t, 15 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 403 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Vegen opp til Sletthaug er god å gå på, men har nokre bratte parti. Ta det med ro og nyt turen oppover. Du finn også ein del namneskilt langs vegen. Det er sett opp sitjebenker: Ein ved elva ved Fjellgardsbakken og ein lenger oppe mot hytta. Nesten oppe ved hytta, i siste bratte bakken, vil du sjå ein stein som er blitt til 3 store steinar på høgre sida av vegen. Hytta på Sletthaug er open. Dei som vil, kan gå inn og ta seg ein rast om ynskjeleg. Turkassen er festa til hytteveggen.

Gjennom Aurdalsdalen var det i «gamle dagar» ein ferdselsveg frå Øvre Vats til Sandeid. I dag går det traktorveg langt innover som nesten heng saman med ein annan traktorveg som kjem frå Steinsland i Sandeid. Om ynskjeleg kan du ved elva ved Tverrberget svinga av til høgre og ta turen via Sønnanåstølen og vidare ned til Stuhaug gardsmuseum. Sjå skilting.

Terreng:
Følg traktorveg heilt opp til hytta på Sletthaug. Vegen går fyrst langs elva oppover forbi Sagflåta og over Kleiva bru og vidare gjennom gran- og furuskog i fint terreng til du kryssar Aurdalselva på ny over ei gangbru ved Fjellgardsbakken. Herifrå slyngar vegen seg oppover i blandingsskog. Om lag 800 m lenger opp må du ta av til høgre ved skilt, og her vil du sjå skilt til Sletthaug, Åksla og Vardafjellet. Herifrå blir det først eit bratt parti på vegen, men slakare lenger oppover.

Fottøy:
Fjellsko eller joggesko.

Adkomst med egen bil

Kjør om lag 3,2 km på E134 frå Knapphus mot Ølen til tidlegare Vats gartneri der det står skilt til Aurdal, og ta av til høgre. Følg denne vegen til endes, ca. 1,4 km og litt forbi tunet til Haslemo. 

Her finn du ein god parkeringsplass og info.tavle med opplysningar om ulike turar.

Annonse

on the path