Fottur til Bjørsetstøylen frå Bjørset

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 5,2 km
  • 3 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 558 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Bjørsetstøylen er ein av dei vakraste støylane i Jølster, og har utsikt til Grovabreen i aust og Storehesten i vest. Støylen har to sel og tre fjøsar, og står i dag fram som eit heilskapleg kulturmiljø der bygningane i lita grad har vore modernisert etter at støylsdrifta vart lagt ned på 1950-talet. Det var dei tre bruka på Bjørset som dreiv mjølkestøyl her.

Turen startar ved Jølstravegen (E39). Følg gardsveg i austleg retning opp mot gardstunet på Yste Bjørset. Ved låvebrua på garden tek du deg inn på skogsveg som går i nordvestlig retning opp frå tunet. Følg skogsvegen opp frå tunet til grinda på øvste bøen (hugs å late att grinda). Det går òg ein anna skogsveg, vestover, på innmarksbeitet. Så følg godt med i når du tek deg over innmarksbeitet slik at du tek rette skogsvegen som nordvestover oppover beitet. Ver merksam på at det kan gå dyr på beite, og at det difor kan vere straum i gjerder du må forsere.

Vidare går du på skogsvegen eit stykke oppover, og du skal halde til høgre når vegen deler seg og du går i meir nordleg retning oppover. Du vil etter kvart kome til ein stor stein (med raudt merke) på høgre sida av skogsvegen, og her skal du ta av skogsvegen. Råka går vidare i lauvskog langs eit jøl. Under Storeskreda går stien i meir nordvestlig retning oppover fjellsida mot Nylskreda, og vidare opp til Bjørsetstøylen. Omlag halvvegs på denne strekninga kjem du til ein tidlegare utmarksteig der du kan sjå ruinane etter ei utmarksløe. Det er flott utsikt mot grendene og fjella på sørsida av Jølstravatnet og Grovabreen på turen opp.

Turen har vore merka som fjelltrimpost. Du finn derfor spor etter raude fjelltrimmerke undervegs.

Tips
Turbok i postkasse på det restaurerte selet som ligg sørlegast på støylstomta. Her må du gjerne skrive deg inn - og så kan du lese litt meir om støylen i boka.

Råka er tidvis noko steinete, og det kan vere enkelte blaute parti.

Delar av stien er noko feil merka i karta til Kartverket. Dette gjeld både i starten av turen og eit parti undervegs på stien høgare oppe. Vi tilrår ikkje at du prøver deg på denne. Hald deg til sporet som ligg her på UT.

På Bjørsetstøylen er det i dag mykje sau som beitar. Ta omsyn til dyra og ver venleg å ta med deg boss heimatt.

Det er fleire små bekkar med vatn undervegs, men i periodar med lite nedbør kan bekkane gå tørre. På støylen er det stort sett alltid vatn i bekk/oppkome i jølet aust for støylen.

Det er merka rute vidare til Bjørsetfjellet frå Bjørsetstøylen. Frå Bjørsetfjellet kan du ta deg ned til grenda Årdal. Du kan og gå sti ned til Hegrenesåsen frå støylen. Sjå lenke for å lese meir om desse turmåla.

Fakta
Omlag 2,5 kilometer kvar veg og 5 km t/r, og 550 høgdemeter. Tid: 2 timar opp og 3-3,5 timar t/r.

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindane etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med grunneigar på Bjørset av for Indre Sunnfjord Turlag
ved Anne Cecilie Kapstad, redaktør for UT-turar i Jølster

Adkomst med egen bil

Ta av Jølstravegen (E39) og parker på ei stor avkøyrsle nede ved vatnet rett ved Jølstravegen. Parker slik at du ikkje er til hinder for trafikken. Det er mykje trafikk på E39, så ver forsiktig når du kryssar E39 for å kome over vegen der turen startar.

Dersom du ikkje ønsker å krysse E39, t.d. har ungar med deg på tur, kan du parkere på ei utkøyrsle i vegkanten der gardsvegen opp til Bjørset startar ved E39. Pass då på at du parkerer slik at du ikkje er til hinder for trafikken og gardsdrifta på Bjørset.

Adkomst med kollektivtransport

Ta buss som går langs Jølstravegen (E39). Gå av på busshaldeplass på Bjørset.

Annonse