Rundtur: Hestskar (307 m.o.h.) - Hogganvik - Sønnanå

Publisert av: Vindafjord kommune
Annonse

Om turen

  • Område
  • Type
    Fottur
  • Gradering
    Enkel
  • Lengde og varighet
    8,0 km
    3 timer, 30 minutter
    En vei
  • Sesong
    Hele året
Avstand til målet:
Det er 1,8 km opp til Hestskar, der postkassen står. Turen vil ta ca 1 time tur/retur. Frå Hestskar kan du fylgja skilt/raude pinnar ned til Hogganvik, eventuelt fylgja skilta til Sønnanå, nesten nede ved Hogganvik. Turen vil då enda ved byggefelta i Vikedal, Sønnanå og til slutt Urabø, med ca 10 min gange tilbake til parkering. Heile denne rundturen vert då 8,7 km og vil ta ca 3,5 time med pausar.

Om turen:
Turen går på noko bratt traktorveg heilt til Hestskar og veksler mellom sti/traktorvegar om du tek heile rundturen. Det er flott velstelt furuskog ned mot Hogganvik. Vidare motSønnanå passerer ein sagbruket til Hogganvik Landsby, ta til høgre her og følg merkinga.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Tilkomst:
Frå Vikedal sentrum tek du av til Roaldkvam. Køyr rett fram 1,2 km til du er framme ved gardsbruket (nedre Hallingstad) eller Prestegarden som vi lokalt seier. Informasjonstavla står her på høgre sida av vegen. Her startar turen oppe i tunet.Gamletunet ligg på andre sida av vegen der soknepresten bur i dag.

Parkering:
Det kan parkerast oppe ved tunet, men ta omsyn til dei fastbuande og nødvendig ferdsel i tunet. Lukk grinda/dyr beiter.
Annonse