Dette er ein grei topptur uten særlege utfordringar. Fureviknipa er første toppen på sjufjellsturen i Førde. Stien begynner med med noko myrlendt skogsterreng, og eit par stader litt lett klyving, oppover mot øvre heisstasjon i alpinanlegget. Denne delen kan vere litt våt og glatt, særleg i perioder med mykje nedbør. Stien er godt merka og lett å følgje. Frå skiheisen og opp er det ope fjell og tydeleg sti med nokre vardar. Frå toppen er det godt utsyn i alle himmelretningar.