Kulturstig på Aursjoen i Skjåk

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 4,8 km
  • 1 t, 30 min
  • Rundtur
  • 79 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - okt

Stigen startar ved Aursjobue på Vikhø og går austover gjennom lett og ope fjellterreng. Aursjøbue er ei sjølvbetent hytte eigd av Skjåk Almenning, og kan nyttast til overnatting. Her finn du også eigna parkeringsplass. Dersom du ynskjer å nytte deg av hytta, kan nøkkel lånast hos Skjåk Almenning.

Langs ruta finn du fleire informasjonsskilt som fortel om dei gamle vassveitene og vatningsanlegga som har vore avgjerande for jordbruket i Skjåk gjennom generasjonar. Turen er ei fin oppleving for både natur- og kulturinteresserte.

Flåtåtjønn er kjelda til eitt av desse historiske vatningssystema. For å samle mest mogleg vatn vart det bygd demningar ved tjønnene, ofte gjennom omfattande dugnadsarbeid. Målet var å sikre nok vatn til gardane også i tørre somrar.

Sjølv om Flåtåtjønn ligg høgt til fjells med eit lite nedslagsfelt, kjem det ofte regn her. Fjella fangar opp nedbøren før han når hovuddalføret. Når regnbygene trekkjer inn over høgdene, seier folk i Skjåk gjerne at «dæ grin i høåm».

Ved Flåtåtjønn ligg også Flåtåtjønnbue, eit restaurert og godt vedlikehalde kryp-inn. Slike enkle hytter vart nytta som overnattingsstader når det skulle gjerast større arbeid på demningar og vassveiter langt frå bygda.

Det var opphavleg gardane Flåten og Jemnheim som hadde rettane til vatnet frå Flåtåtjønn. Vatnet frå Flåtåtjønn og den mindre Jemnheimstjønna, som ligg nordvest for hytta, vart samla i ei felles vassveit før det vart fordelt til gardane nede i dalen. Gjennom arv og handel har eigarskapet til vassrettane endra seg gjennom tidene. I dag er det gardane Husom og Nordistun Kitilstad som har rettane til vatnet.

Ta gjerne med fiskestong og prøv fiskelukka i Flåtåtjønn. På returen kan du følgje delar av den historiske vassveita som framleis fører vatn til gardane i bygda.

Frå Flåtåtjønn kan du også halde fram sørover i det merka stinettet mot Bispberget, Forbergstjønn, Skamsarkampen og Einingstjønn. Herfrå kan du følgje stiane vidare heilt ned til Bismo, enten direkte eller via Bispberget.


English version: Flåtåtjønn and the Historic Irrigation System of Skjåk

The trail starts at Aursjoen and heads east through easy and pleasant mountain terrain. Near the trailhead, you will find a self-service cabin owned by Skjåk Almenning, which is available for overnight stays. If you would like to use the cabin, please contact Skjåk Almenning for booking information and access.

Along the trail, information boards explain the history of the local irrigation system, including the water channels and engineering works that have been vital to farming in Skjåk for generations.

Flåtåtjønn is the source of one of these irrigation systems. To collect as much water as possible, it was common to build dams, often requiring considerable effort. These structures helped secure a more reliable water supply during the dry summer months.

Although the pond lies high in the mountains with a relatively small catchment area, rainfall is frequent here. The surrounding mountains intercept rain clouds before they reach the main valley. It is common to see rain showers over the highlands, and locals in Skjåk still say “the mountains are crying” when rain falls in these areas.

When larger maintenance work was needed on the dams and water channels, workers often built simple shelters known as “kryp-inn” ("crawl-ins") where they could stay overnight. Flåtåtjønnbue, one of these cabins, has been restored and remains in good condition.

Historically, the farms Flåten and Jemnheim held the rights to the water from Flåtåtjønn. A smaller pond, Jemnheimstjønna, lies on higher ground northwest of the cabin. Water from both ponds was collected into a common channel before being divided further down the valley. Through inheritance and land transactions, the water rights have changed ownership over time. Today, the farms Husom and Nordistun Kitilstad hold the rights to this water supply.

Bring a fishing rod and try your luck in Flåtåtjønn, which offers good opportunities for mountain fishing. On the return hike, you can follow the historic irrigation channel that still supplies water to farms in the valley.

From Flåtåtjønn, you may also continue south on the trail network towards Bispberget, Forbergstjønn, Skamsarkampen, and Einingstjønn. The trails eventually lead all the way down to Bismo, either directly or via Bispberget.

Adkomst med egen bil

Køyr Fylkesveg 485 mot Jøingsli like vest for Bismo, som er kommunesenter i Skjåk. Aursjovegen tek av til høgre 5 km vest for Bismo. Køyr den opp på fjellet og 8,7 km til toppen der du ser Aursjoen. Parker på parkeringsplassen ved hytta på Vikhø.

English

Drive along County Road 485 (Fv. 485) towards Jøingsli, just west of Bismo, the municipal centre of Skjåk. Aursjovegen branches off to the right 5 km west of Bismo. Follow the road uphill for 8.7 km until you reach the summit, where Lake Aursjoen comes into view.

Parking is available at the parking area by the cabin at Vikhø.

Annonse

on the path