Bispberget og Skamsarkampen i Skjåk

Legg til huskeliste
Annonse
Gå frå vestsida av Skjåk Kjøpesenter i Bismo over Rv.15 og følg ein bustadveg 300 meter til enden. Her ser du skilta for stigstart. Bruker du bil, kan du parkere i enden på vegen.

Stigen går bratt opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen om lag 500 meter mot vest til Fjuken. På denne plassen renn Fjuken i grunnen med unntak av 2 veker om våren.

Følg stigen 200 meter opp til ein sving på ein ny skogsveg som går forbi Harsheimlia. Gå 600 meter til du kjem til Skargrove, og gå skogsvegen opp til høgre. Denne skal du følgje forbi to svingar, til stigen til Bispberget tek av. No er du oppe på 640 moh.

Stigen går bratt oppover til 800 moh, før den svingar mot aust og opp i Skeidsholet og vidare opp på Bispberget. Skeidsholet er ei brei hylle i berget med urørt skog.

På Bispberget står det ei postkasse med bok, som du kan skrive deg inn i.
Frå Bispberget går stigen over Bispberget og inn dalen der Fjuken renn frå Forbergtjønn. Du går over dammen for øvste Forbergtjønn og opp siste kneika til Skamsarkampen på 1362 moh.

Frå stigen over Bispberget og frå Skamsarkampen har du ei praktfull utsikt over bygda. Mot sør har du fin utsikt mot Lomsegga og Hestbrepiggane.

Fjuken og dammane du går langs, er fjelldelen av eit stort vatningssystem for Forbergsgardane på austsida av Bispberget og tidlegare for Skei på vestsida av Bispberget.

Adkomst med egen bil

Parker ved Skjåk Kjøpesenter i Bismo som er kommunesenter i Skjåk.
Annonse