Lendhytta

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 3,2 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 638 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - sep

Lendhytta er ein flott tur for deg som vil oppleve overgangen frå skog til høgfjell. Den jamne stigninga gir raskt høgde, og over tregrensa blir du møtt av vid utsikt mot Bismo, Ottadalen og fjella i Breheimen. Turen eignar seg godt som dagstur, men er òg eit fint utgangspunkt for lengre turar innover fjellet.

Turen startar på skogsveg på austsida av Lundadalen. Følg skogsvegen opp gjennom fire svingar. Like etter den fjerde svingen tek ein tydeleg stig av mot aust og stig jamt opp gjennom bjørkeskogen. Etter kvart som du kjem over tregrensa, opnar utsikta seg mot Bismo og Ottadalen. Undervegs passerer du ei gamal steinbu og kryssar ei vassveit. Om lag 200 meter seinare kjem du til Lendhytta.

Lendhytta ligg like utanfor Breheimen nasjonalpark, med flott utsikt mot Lomseggen og fjellområda innanfor nasjonalparken. Her er det ein fin stad å ta ein rast før du returnerer same veg. For dei som ønskjer ein lengre tur, går det merka stigar vidare til Åndhytta og Sandåhytta.


English version:

Lendhytta is a great hike for those who want to experience the transition from forest to alpine terrain. The steady climb quickly gains elevation, and above the tree line you are rewarded with wide views of Bismo, Ottadalen, and the mountains of Breheimen. The hike is well suited as a day trip, but it also serves as an excellent starting point for longer hikes into the mountains.

The hike begins on a forest road on the eastern side of Lundadalen. Follow the forest road through four bends. Just after the fourth bend, a clearly marked trail branches off to the east and climbs steadily through the birch forest. As you emerge above the tree line, the views open up towards Bismo and the Ottadalen valley. Along the way, you pass an old stone shelter and cross an irrigation channel. About 200 metres further on, you will reach Lendhytta.

Lendhytta is located just outside the boundary of Breheimen National Park, offering beautiful views towards Lomseggen and the surrounding mountain landscape within the park. It is an ideal place to stop for a break before returning the same way. If you wish to extend your hike, marked trails continue onwards to Åndhytta and Sandåhytta.

Adkomst med egen bil

Køyr Rv. 15 austover frå Bismo. Etter om lag 3,5 km tek du av til venstre mot Lundagrendi. Følg fylkesvegen i 1,2 km, og ta deretter til venstre mot Dalom. Avkøyringa ligg om lag 50 meter før brua over Skjøli.

Følg vegen mot Dalom i om lag 1,6 km. Passer ei grind etter 1,2 km, og køyr vidare om lag 400 meter til parkeringsplassen ved turstart.

English
Drive east along Highway 15 (Rv. 15) from Bismo. After approximately 3.5 km, turn left towards Lundagrendi. Follow the county road for 1.2 km, then turn left towards Dalom. This junction is located about 50 metres before the bridge crossing the Skjøli River.

Follow the road towards Dalom for approximately 1.6 km. Pass through the gate after 1.2 km and continue for a further 400 metres to the parking area at the trailhead.

Annonse

on the path