Kollungstjønn

Legg til huskeliste
Annonse
Stigen går på skogsveg frå Bråtå i Skjåk til Kollungssetra og vidare på stig inn i Breheimen nasjonalpark og til Kollungstjønn.
Følg Sotvegen 400 m frå bommen. Gå skogsvegen ned til venstre og over gangbru over Åstri. Merkinga følgjer skogsvegen vidare til Kollungen seter. Frå setra er det god stig langs Kollungselva, inn i Breheimen nasjonalpark og opp til Kollungstjønn på fjellet.

Frå Kollungstjønn kan du gå vidare i terrenget forbi Veslfjellskyrkja og ned til Liavassosen ved Kleivtjønn.

Adkomst med egen bil

Køyr av Rv.15 ved Dønfoss og om lag 14 km mot Sota. Parker ved bommen eller kjør 400 meter vidare og parker der stigen startar.
Annonse