Hamserunda i Hamsedalen i Skjåk Turen kombinerer vakker natur, gode bademoglegheiter, flotte utsyn og spennande kulturhistorie langs ei av dei gamle ferdselsrutene mellom aust og vest.
Ved Gamle Geirangervegen er det eigna parkeringsplass like ved turstart. Turen byrjar langs vegen gjennom Breidablikk hyttefelt før du tek av på raudmerka stig innover Hamsedalen.
Ruta følgjer Hamsa gjennom eit vakkert fjellandskap med fossar, fjellvatn og fleire fine badeplassar undervegs. Etter om lag 1,3 kilometer tek den nymerkte traseen av frå den gamle stigen og fører vidare innover Hamsedalen. Her får du flott utsikt over dalen og fjella rundt, samstundes som du passerer fleire vatn.
Lenger inne i dalen kryssar stigen Hamsa med bru. Frå brua følgjer du den nymerkte traseen som knyter seg saman med den tidlegare DNT-stigen mellom Hamsevika og Danskehytta. Derfrå går turen tilbake til Hamsevika langs DNT-stigen.
NB:
Stigen er stort sett lett å følgje, men i periodar med dårleg sikt er det viktig å halde auge med merkinga.
Ved mykje nedbør kan det vere vanskeleg å krysse elver og bekkar utan å bli våt på føtene. Vasstette sko eller fjellstøvlar er tilrådd.
Hamserunda is a scenic circular hike in Hamsedalen that combines beautiful mountain scenery, excellent swimming opportunities, panoramic views, and traces of local history along one of the old travel routes between eastern and western Norway.
A convenient parking area is located by the Old Geiranger Road (Gamle Geirangervegen), close to the trailhead. The hike begins along the road through the Breidablikk cabin area before turning onto a red-marked trail leading into Hamsedalen.
The route follows the River Hamsa through a beautiful mountain landscape featuring waterfalls, alpine lakes, and several inviting spots for a swim. After approximately 1.3 km, the newly marked trail leaves the old path and continues further into Hamsedalen. Along the way, you will enjoy impressive views of the valley and surrounding mountains while passing a number of picturesque lakes.
Further into the valley, the trail crosses the River Hamsa by bridge. From here, follow the newly marked route, which connects with the former DNT trail between Hamsevika and Danskehytta. The return journey follows the DNT trail back to Hamsevika.
Please note:
Køyr Rv15 4,3 km vest for Grotli i Skjåk, og ta av inn til rasteplass til høyre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord og parker langs vegen ved bru over Hamsa.
English: Drive 4.3 km west of Grotli in Skjåk along Highway 15 (Rv. 15) and turn right into the rest area. Continue for 0.8 km along the Old Geiranger Road (Gamle Geirangervegen) heading north, and park along the road by the bridge over the Hamsa River.