Til Gjegnen/Blånibba, 1670 moh. frå Yksneelvane.

Legg til huskeliste
Annonse
Turen starter nede ved Yksneelvane, der det er ein parkeringsplass. Anleggsvegen opp er sperra med bom. Vegen opp til utgangspunktet, er ca 6 km grusveg. Dersom det er mulig, ta med sykkel, då det er greit å sykle innover mot utgangspunktet, etter oppstiginga på vegen (sjå bilde). Gjegnen kan sjåast stort sett heile turen opp til toppen. Frå ein forlet anleggsvegen, og opp til toppen, er det ca 11 km. Kritiske fasen er over Gjegnalundsbreen, som er ca 1 km lang. Den må kryssast for å nå toppen. Her må ein gå i tau over breen. Breen er heil flat og fin å gå på.Turen er ikkje merka, men den vil bli det, forhåpentlig vis i 2014, då som T-tur. Bildene som er lagt med, har informasjon om turen opp. I varden på toppen, ligg ei bok til å skrive seg inn i.

Adkomst med egen bil

Fra Ålfoten til Yksneelvane, går det en veg til Førde i Ålfoten. Derifrå til Yksneelvane er det ein asfaltert anleggsveg, som er open for fri ferdsel. Vegen ca 7 km lang.
Annonse