Parker bil på snuplass/parkeringsplass ovanfor øverste leikeplass i Kyrhagen. Føl deretter bilveg til endes og følg stien rett fram. Bratt til og begynna med, deretter svingar vegen til høgre og det vert slakkare. Følg stien heilt til du kjem til eit veiskille ved ein bekk. Her skal du over bekken og opp til venstre. Følg stien heilt til du kjem inn til postkassen. Denne er ein del av Øystesetrimmen. På dette pkt kan du og logga deg inn på Postkassetrimmen. Turen er fin som utgangspunkt for mange andre turar som t.d over til Soldal, Utsikten, Skisete, Selesete, Døgnope og ned i Fitjadalen. Skal du til Soldal føl du skogsvegen frå postkassen. Skal du die andre stadane tar du av til venstre før dammen som ligg på venstre sida av skogsvegen.
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.
Gi tilbakemelding