Børveflyane

Publisert av: Kvam Turlag 
Annonse

Om turen

Det er fleire ruter til Børveflyane. Den kortaste og brattaste går opp Hottegjelet. Gå fordi skytebanen, gå asfaltvegen til ein stor stein på høgre side av vegen (toppen av 1 km-løypa). Ta til høgre og gå over brua. Stien er godt synleg. Den stig raskt gjennom lauvskogen. Når stien flatar litt ut, ser du etterkvart nokre gamle tufter. Der går stien austover og oppover i terrenget. Føl stien oppå kanten, og du vil sjå stølen Børveflyane.

Alternativt kan du følgja traktorvegen som går forbi skihytta og rundt Sjusetevatnet, og følgja ruta til Torefjell. Før ein startar stigninga mot Hunden, ta stien til høgre og føl stien austover til Børveflyane.

På heimturen kan du ta turen den vakre perla Fagrasete og returnera til Sjusete derifrå. Stien til Fagrasete treff du på om du går forbi masta rett nord for stølen.

Slik kommer du deg dit

Adkomst

Parkering ved Sjusete Skisenter. Avgift - årskort eller automat for dagsparkering
Annonse

Publisert av