Følg løypa mot Såtå, fyrst på ein traktorveg over beitet, vidare bratt gjennom furuskogen opp på Såtå. Her ligg det ein nutakasse du kan skriva deg inn i før du går vidare. Stien vidare går i vekslande terreng gjennom furuskog og over myr til du når Dyrskarsvatnet som ligg rett over tregrensa. Kasse med turbok ligg på svaberga aust for vatnet. Det er merka løype vidare opp til Trodlanibbå som ligg rett ovanfor Vikebygd sentrum. Turen frå Dyrskarvatnet til Trodlanibbå tek om lag ein time. Her i frå kan du også gå ned til Vikebygd sentrum.
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Turen startar på Skartland (heilt nord i Skartlandsgrenda), 17 km frå Isvik. - Kjøyr mot Vikebygd, og forbi Vikebygd sentrum.
Skiltet om tur til Såtå kan være vanskeleg å få auge på.
Parker slik at det er mulig å komme forbi !!!
Annonse
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.