Følg løypa mot Såtå, fyrst på ein traktorveg over beitet, vidare bratt gjennom furuskogen opp på Såtå. Her ligg det ein nutakasse du kan skriva deg inn i før du går vidare.
Stien vidare går i vekslande terreng gjennom furuskog og over myr til du når Dyrskarsvatnet som ligg rett over tregrensa.
Kasse med turbok ligg på svaberga aust for vatnet.
Det er merka løype vidare opp til Trodlanibbå som ligg rett ovanfor Vikebygd sentrum. Turen frå Dyrskarvatnet til Trodlanibbå tek om lag ein time. Her i frå kan du også gå ned til Vikebygd sentrum.