Klippeblokken Slottet i Modalen - hengekøyetur med utsikt!

Annonse

Om turen

Slottet er Modalen og Vestland sitt svar på Preikestolen - ei klippeblokk som kneisar loddrett 200 meter over Mofjorden. Ei luftig oppleving med storslått utsikt både innover mot Mo og utover fjorden mot Langedalen. Slottet er perfekt for hengekøyetur!

Stien startar frå hovudvegen i Stokkeviki og følgjer elva eit stykke. Kort etter at du har kryssa elva, kjem du til eit stiskilje. Til høgre kjem du inn i Hestabotn, som er et naturreservat der det veks barlind. Stien til venstre går vidare til Slottet og er småkupert med lett stigning og nokre stader steinur som må forserast. Blå merke på tre og steinar markerer kor stien går. Når ein nærmar seg Slottet, kan ein sjå formasjonen frå sida. Som eit alternativ kan ein ta seg ned igjen ved å følgje ei løype som går lengre vest, og som òg er merka. Då kjem du ned til Hestabotn. Denne stien er ikkje så godt opptrakka og mindre god for dei minste. Turen er ikkje så krevjande og passar for born frå 4-5 år, men vis varsemd på toppen. Skriv deg gjerne inn i boka som ligg i postkassa. Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Pilskilt og blå merking undervegs. Berekna tidsbruk: 2 timar t/r Gode råd: Vel gode sko som tåler litt vatn, sidan stien går over myrete område nokre stader.

Vurderer du hengekøyetur - her er noen tips:

Området ved Slottet er egnet for henekøye. Utsikten er fenomenal og det er flere kraftige trær som er egnet til hengekøyebruk. 

  • Bruk flate, brede tau/reimer for å henge den opp – da skader du ikke treet.
  • Velg to solide trær som står ca. 4–5 meter fra hverandre når du skal henge den opp.
  • Heng den litt høyere enn du tror er nødvendig, så du slipper å subbe i bakken. Ha helst en halv meters avstand til bakken når du ligger oppi.
  • Ta med myggnett og presenning eller tarp.
  • Vær bevisst på plasseringen i forhold til vindretning og eventuell morgensol.
  • Myke liggeunderlag fungerer ofte best, da blir ikke hengekøyen så ustabil.

Slik kommer du deg dit

Adkomst med egen bil

Fra Bergen kjør til Modalen via E16 Dale - Stamnes eller E39 via Nordhordland. Ca. like lang kjøretid. Slottet ligger langs veien mellom Romarheim og Mo sentrum. Parkeringsplass til 3 - 4 biler og infotavle ved stistart. Ellers er det parkering på andre siden av veien, 50 meter fra startsted. 

Adkomst med kollektivtransport

Se Skyss. 

Annonse