Raudnos

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 2,6 km
  • 2 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 408 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Fagert er landet vårt - Raudnos med panorama utsyn

Raudnos ligg fagert til aoum Steinsdalsfossen. Du kan parkere ved Steinsdalsfossen og gå opp den asfalterte veien til Rosseland.

Rett etter ein kjem til sekundærstasjonen i Rosselandsvegen tar ein av til høgre og føl traktorveg oppover. Du føl vegen til endes, litt etter ei grind kjem du til eig vegskilje der held du til høgre. Når vegen endar kjem du inn i eit granfelt, her skal du følgje ryggen utover mot høgre. Turen er kort, men litt stigning er det, men den gode kjensla når ein står på toppen er ubetaleleg
Raudnos ligg aoum Fjærabygda og Steinsdalen med utsyn yve Norheimsund, Mo-vatnet, Dalen, Hardangerfjorden og Folgefonna.
Fjord- Fjell- Foss- Fonn i fagert samspel og verdas vakraste postkort.
Det er stup på kanten så hald dyr og ungar i band.

Det er og mogleg å gå turen frå Selesete - ein føl då vegen til den siste bratte bakken før Allkleiv der tek ein av til høgre på ein sti, som ein føl til Raudnos.

Adkomst med egen bil

Parker ved Steinsdalsfossen 2-3 kilometer i retning Bergen frå Norheimsund.
Annonse

on the path