Me parkerer på Heradstveit og går traktorvegen / stien til Heradstveitstølen. Der tek du til høgre mot Vangdalsskår(skilta) og vidare inn Tindadalen (følg skilt mot Krokavatn). Der finn du ein sti som går opp Fjellkleiv. Etterkvart er du oppe på fjellet og går delvis varda sti til du hamnar på Slåttenuten. Her kan du sjå deg vidt i kring. 7 prestegjeld ser du frå denne knausen. Bak deg ligg stølen Hedla og går du litt lengre i same retning som du kom kjem du til Sjørauso. Då ser du ned på Heradstveitstølen og du kan gå ned lia (Heggelia) for å koma ned på Stølen. Gje deg god tid medan du er på Slåttenuten. Et nista di og ver filosofisk. (4-5km kvar veg)
Alternativ: Frå Norheimsund til Krokavatn (sjå eigen tur), gå til masta på Hedlafjell. Vidare på sti mot Slåttenuten. Du ser Slåttenuten frå Hedlafjell, den den fyrste toppen til venstre for Tørviknuten i horisonten. Den har eit trigonometrisk punkt på toppen. Omlag same distanse.
Posten heng i trig.punktet.
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Ta av på Heradstveitvegen frå Rv49 like etter Tørvikbygd i retning Norheimsund.
Annonse
on the path
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.