Rabbafjellet

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,7 km
  • 1 t
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 151 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Rabbafjellet er 159 moh og ligg på den vestlege delen av Selbjørn. Landskapet er dominert av lyngkledde åsar og dalar, og frå toppen er det fritt utsyn sør- og vestover havet. Folgefonna i aust og byfjella i nord.
Det er fleire alternative stiar til toppen. Kortaste veg opp er ca 1,7 km.
I lyngheilandskapet langs kysten lever hubro, og den er sett på Selbjørn også. Meir sannsynleg er det at du ser havørna glidefly over øya, eller du kan få eit glimt av hjorten som også lever her.
Turen er merka med raud T der det er stein/fjell og ellers med trepinnar raudmalt på toppen. Stiane er godt brukte, men følg med merking ved stidela. På toppen av Rabbafjellet står ein steinvarde som viser veg.

Adkomst med egen bil

Enklaste tilkomst til start er med bil. Kjør vestover frå Bekkjarvik til du passerer Veivågen. Parker langs vegen. Gå litt vidare forbi nedlagt butikk og følg første avkjørsel på venstre side. Avkjørselen går over i ein gammal gardsveg som ligg langs granfelt i starten av turen. Det er sett opp merkining av start ved bilvegen.
Annonse