Fottur til Bergsetbreen

Legg til huskeliste
Annonse
Ein tur som høver godt for barnefamiliar. I enden av den vakre Bergsetdalen ligg den skimrande Bergsetbreen og ventar på deg. Høgdeskilnad: 60 m.

Frå parkeringsplassen går ruta eit kort stykke på traktorveg og deretter langs ein svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen. Stien går først gjennom nokså tett skog, seinare opnar utsynet seg meir og meir mot den dominerande Bergsetbreen, fremst i dalen. Den kryssar fleire småelvar og bekker, som oftast på gode bruer, og går av og til i blautmyr der det er lagt ut trestokkar. I starten er vegetasjonen frodig, men når du kjem nærare breen,vert det mindre og mindre skog og planter. Heilt fremst går stien i grus og stein, men er likevel godt synleg og lett å finne. I sommarhalvåret er det oppsett varselskilt eit stykke frå foten av Bergsetbreen. Det er svært farleg å passere skilta. Ved Bergsetbreen er det særleg Baklibreen, på nordsida av hovuddalføret, ein må vere merksam på.

Adkomst med egen bil

Frå Gjerde i Jostedalen tek du til venstre inn Krundalen. Rett før du kjem til Garden Bergset, innerst i dalen, tek du grusvegen ned til venstre. Parker på parkeringsplassen ved elva.
Annonse