Myklebuststøylen i Myklebustdalen, Breim i Gloppen Kommune

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 3,4 km
  • 1 t, 15 min
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 93 høydemeter totalt
  • Sesong: Apr - okt
Gå gjennom grinda, og følg traktorvegen innover i dalen heilt inn til støylen.

Du har heile tida elva på høgre side, i varierande avstand frå vegen. Terrenget er litt kupert, med lett stigning innover.

Vegen går gjennom hogstfelt og bjørkeskog, og kryssar småelvar med fine små bruer.

Ved den vesle elva som er merka med Hestegarsgrova delar traktorvegen seg, her går du rett fram. Når du nærmar deg støylen kjem du til ei grind, etter den går vegen nær elva heilt fram til støylen.

I 2014 har Barnas Turlag i Gloppen dette som trimpost, trimposten heng i ei treklynge rett etter ei lita bru med skilt der det står Myklebuststøylen.

Husk å stenge grindene etter deg, det er beitedyr i området!

Lengde på turen med små born: Ca 40 minutt i rolig 2 ½ åringstempo + pause.

Dette er ein lett og fin tur, litt større born brukar neppe meir enn ein halvtime + evt pause.

Adkomst med egen bil

I Byrkjelo sentrum tek du av til venstre mot Utvikfjellet og køyrer ca 1 km til du ser skilt på høgre side merka Myklebust. Ta av mot Myklebust og køyr ca 10 km til bilvegen endar. Siste del av bilvegen er grusveg, litt steinete heilt mot slutten men godt framkommeleg. Parker på parkeringsplassen i enden av bilvegen, her er det ei grind og skilt merka med Myklebuststøylen 3 km.

Ingen bompengar, parkeringsplass i enden av bilvegen i Myklebustdalen.
Annonse

on the path