Opplev fossedur og vassprøyt i andletet på denne korte turen til blikkfang nummer ein i Luster, mektige Feigefossen.
Det går merka sti opp til eit utsiktspunkt under fossen. Stien er noko steinete på slutten, men er godt merka og lett å gå. Det tek om lag 45 min å gå frå vegen til utsiktspunktet som ligg 150 meter over havet. Feigefossen har eit fall på 218 meter. Det er Noreg sitt andre høgaste, uregulerte fossefall etter Vettisfossen i Årdal (275 meter). Vassdraget er verna mot utbygging. God tur!