Denne turskildringa startar på garden Åning og endar på Strynsvatn Camping på Meland. Men ein kan like gjerne gå turen den andre vegen - frå Meland til Åning, eller ein kan sjølvsagt gå den same vegen både opp og ned.
Det er ikkje mobildekning på turen, og det kan vere lurt å laste ned PDF-fila Fottur til Storskredfjellet.
I starten av turen svingar stien seg gjennom eit skogsområde og når etter kvart toppen av eit høgdedrag, Åningehogden. Her er landskapet ope og fritt, og du får eit fint utsyn mot Oppstrynsvatnet og bygdene omkring.
Frå Åningehogden går råsa opp ei skrede før ho svingar til venstre mot ei lita flate, Smørhola. Råsa er delvis borte på grunn av ei vassdemme som har gått her ein gong i tida.
I Smørhola er det fint terreng og godt beite for kyr. Kyrne mjølka godt, og det blei mykje smør. Kan det vere opphav til namnet Smørhola?
Eller er det smørblomstrane som veks tett i tett her oppe, som er bakgrunnen for namnet?
Kyr unngår å ete smørblomst fordi han inneheld giftstoffet protoanemonin som kan gje diaré.
Frå Smørhola går råsa rett oppover til Svartesvoda, der svingar ho mot Åningselva og følgjer denne vidare eit langt stykke før ho svingar til høgre over reset mellom Storskredfjellet og Brekkefjellet. Reset ligg om lag 1040 moh.. Den første delen mot reset er relativt slak. I den siste delen før reset, går råsa i mange svingar opp ein bratt grasbakke, Øvstebakken.
Åningselva går somme plassar i djupe gjel nedetter. Eitt av dei vert kalla Håkajølet.
Det vert fortalt at ein kar frå Håkabruket på Brekke kom leiande på ein hest med kløv. Han hadde sikkert vore på Brekkesetra for å hente heim ost og smør. På denne plassen gjekk råsa heilt ute på kanten av gjelet, og hesten gjekk seg utfor og drap seg. Gjelet fekk namn etter denne hendinga.
To menn omkom i påska 1947 like ovafor Håkajølet. Dei hadde overnatta i hytta ved Instevatnet. Om natta la det ned mykje snø, og på nedturen løyste dei ut eit skred som tok dei. Det var to personar til i raset, men dei vart berga.
Litt ovafor Håkajølet vil du sjå ein fjellhammar som står markert ut frå terrenget. Hammaren vert kalla Skuten, noko som er eit vanleg namn på slike hamrar. Dersom du studerer fjellhammaren litt nærare, kan du sjå eit ansikt - eller kanskje eit dyr?
Frå skuten og bratt ned mot Åningselva går ei fordjuping i terrenget som vert fylt med snø kvar vinter. Det er eit gammalt teikn at når denne snørenna er smelta bort på tre plassar, er det greitt å gå til Brekkedalen.
Området ved Øvstebakken og reset er god hamne for sau. Dessverre er det få sauebønder att i bygda.
Ved Instevatnet står ei hytte som er godt kamuflert i terrenget. Det var opprinneleg ei jakthytte for gardane Åning, Brekke og Tunold. Hytta stod ferdig i første delen av 1930-talet. I dei seinare åra har ho vore lite i bruk.
Når du kjem til reset, er det ikkje lenger ei tydeleg rås som viser kvar du skal gå. Her siktar du inn ein fjellrygg som strekkjer seg oppover på vestsida av breen. Fjellryggen smalnar inn, og eit lite stykke kan det vere litt ubehageleg bratt på begge sider for dei som slit med høgdeskrekk. Plassen har det målande namnet Bertinegrøtet.
Breifonna, breen framfor Storskredfjellet, har lagt opp morener som kan samle opp store mengder vatn under periodar med mykje nedbør og/eller smelting av breen. Dersom vatnet pressar seg igjennom demninga av lausmassar, kan det føre til skadeflaum.
Det har skjedd fleire gongar at Åningselva har ført med seg store mengder lausmassar frå dette området, og lagt mykje av det att på begge sider av elva nede på Nesje.
Du kan møte på ryper på veg til Storskredfjellet. Dessverre har rypebestanden gått mykje tilbake dei siste tiåra. Ei årsak kan vere at mildare vintrar og seinare snølegging har ført til at rypene har blitt eit lettare bytte for rovdyr/-fuglar. Den kvite fjørdrakta følgjer lengda på dagen – ikkje når snøen kjem/går.
Når du kjem over ei høgde på om lag 1400 moh., vil du sjå at fjellet har sprukke veldig opp, og det ligg mange lause steinblokker rundt omkring. Det er frostsprenging gjennom mange titusen år som har “produsert” all denne steinen. Det vert kalla blokkmark eller blokkhav. Her var det nemleg isfritt i den tida då dalane var dekt av den store innlandsisen.
Det står mange, store vardar langs kanten mot Breifonna. Vardane står der du får det mektigaste utsynet mot Oppstrynsvatnet og fjella og grendene omkring.
På toppen får du eit storslagent utsyn i alle retningar. Du ser rett over Tyvadalen til Skåla med Kloumannstårnet, du ser Lodalskåpa, Tverrådalskyrkja ved Sota og Jotunheimen. Du ser nordover mot Tafjordfjella og Sunnmørstindane og vestover mot Glitteregga.
Viss du gjer ei avtale om å bli henta henta på Meland , kan du gjerne leggje tilbaketuren om Melandsfjellet og Rjupedalen til Meland. Her er det for det meste lyng og grasmark, og det er fint å gå.
På veg nedover mot Meland bør du sikte mot Saltsteinen og ikkje søkje for tidleg ned mot Strynedalen. Frå Saltsteinen er det rydda og merka rås til Meland.
Råsa går like forbi Melandsetra som ligg 510 moh.. Det er heller få beitedyr i området, og skog og kratt veks seg stadig nærare setrehusa.
Det vart slutt på seterdrifta på Melandsetra i 1949. Der var i den tid to sel og to fjøsar. Selet i framgrunnen høyrer til bruk nr. 2. Det vart bygd i 1986 der den gamle fjøsen stod. Det gamle selet bakafor høyrer til bruk nr. 1. Bruk nr 3 hadde også eit sel som no er rotna ned.
Når du kjem til skogsvegen, kan du sjå eit skilt som viser retning til Storefossen. Det er ein mektig foss når vassføringa er stor.
Like før du kjem ned til dei øvste spikartelta på Strynsvatn Camping, er det parkeringsplass. Du kan avtale henting her - eller du kan som nemnt, starte turen her og gå til Åning.
Strynsvatn Camping er ein stor, moderne og veldriven campingplass ved Rv 15, 12 km aust for Stryn sentrum.
Du tek av frå Rv. 15 ved Brekkenausta på Nesje i Oppstryn og køyrer om lag 2,5 kilometer oppoverbakke til garden Åning. Her vil du finne ein privat parkeringsplass.