Turen startar med 2500 trappetrinn, eventuelt på sti oppover lia for dei som heller vil det. Frå toppen av trappane går ein vidare innover anleggsvegen, ca. 500 m. Her går det av ein sti til venstre like før rasoverbygget. Denne stien går fyrst i litt vått terreng, og har jamn bratt stigning opp til Nova (936 m.o.h.) Her er det fint utsyn, over Høyanger. Vidare er det ingen tydeleg sti, men terrenget er lett å gå i. Den fyrste toppen ein kjem til ligg 1184 m.o.h. . Vidare flatar det ut litt før ein kjem til den siste, bratte stigninga mot Havren på 1230 m.o.h..
Slik kommer du deg dit
Adkomst
Stoppesteder
Google Maps
Adkomst med egen bil
Frå fylkesveg 55 i Høyanger tar ein av mot Dale. Følg vegen fram gjennom dalen til utbyggingsområdet heilt innerst. Parkering nederst i trappene, ved den gamle kraftstasjonen K2.
Annonse
on the path
Feil eller mangler?
Vi vil gjerne høre fra deg hvis noe er feil eller du har forslag til forbedringer.