Rundtur frå Laukeland: Brendeheiknappen - Nipebu - Massbu

Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 16,5 km
  • 2 dager
  • Rundtur
  • 1134 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Dette turforslaget legg opp til overnatting på Nipebu, ei sjølvbetent DNT hytte på 500moh. Ein passerar også ubetente Massbu, kanskje freistar ei ekstra overnatting?
Det er ca.8 kilometer på begge etappane.

Dag 1:

Frå Nedre Laukelandsstølen føl ein grusvegen til endes, og derifrå ca 800 meter vidare på skogsveg. Frå Skogsvegen er det merka opp til Brendeheiskaret (først eit granfelt, så i open bjørkeskog). Stien er vidare godt merka bak Brendeheiknappen, men her kan du ta ein kort avstikkar opp/ned for å toppe utsikten. Følg merka sti vestover til Nedre Fossedal. Ved stidelet føl du skilt mot Nipebu. Det er bru over elva på nedsida av bruket. Følg så nordvestover til Dalsstølen. Gå vidare opp lia på vestsida av elva, til Storedalen. Den merka stien svingar seg vidare opp lia i nordvestleg retning. Like før ein får hytta i synsfeltet skal ein runde passere eit lite vatn på vestsida.

Dag 2:

Ps; denne stien har stadvis dårleg merking, og turen krev gjerne at ein orienterer seg etter kart. Turen frå Nipebu til Massbu er ein 4-5 timars tur i kupert terreng (T-merka). Dette er ein grei dagstur. Frå Nipebu går du mot austnordaust til stiskille, hald så fram på sørsida av pyttar, og innover myrlandskap, seinare nedoverbakke og gjennom bekkedalar til sørenden av Krokavatnet. Gå over steinbru, opp bakker og over myrer, på nordsida av Råkafjellet, så bratt opp bjørkelia nord for Instelva fra Botnatjønna, på nordsida av Botnatjønna og mot søraust gjennom skaret mellom Yksnefjellet og Nordre Kringla. Dette skaret er smalt, til dels bratt og enkelte store steinar gjer at det må klyvast nokre stader. Ver forsiktig om det er barn og hundar i turfølge. Gå søraust ned langs bekken som du kryssar på myra, så over ein liten bakketopp til Massbu.

På Massbu kan du overnatte (ubetjent hytte med 6 sengeplassar) eller gå den siste kilometeren ned til Nedre Laukelandsstølen og parkering.

Adkomst med egen bil

Fv.391 går på Nordsida av Dalsfjorden vestover frå Bygstad. På Laukeland, ved enden av vegen svingar ein bomveg seg opp lia. Følg skogsbilveg ca 4,5 km frå Laukeland forbi brua over Storelva. Bompengar kr 50,-. Der kan du parkere på velteplass på sørsida av vegen. I beitesesong vil ein tidvis måtte parkere før grinda, grunneigarane heng opp lapp. Gå vestover til Nedre Laukelandsstølen.

Annonse