Dette er kortaste veg til Slogen, men til gjengjeld også den brattaste. Denne turen passar for dei som likar og tåler å gå i bratt motbakke frå du startar på omtrent havnivå, til du endar på 1564 moh. Turen startar på Øye. Det er tydelig skilta kvar ein kan parkere dersom ein skal til Slogen. På andre sida av vegen frå parkeringsplassen er det skilta kvar råsa startar. Råsa er ikkje merka, men den er lett å finne opp gjennom heile fjellsida, så ein går seg ikkje vill. Gjennom heile oppstigninga har ein eit mektig skue ned mot Hjørundfjorden, framover Norangsdalen, og til alle dei majestetiske toppane som omkransar dalen.
På ca 1200 meter er ein oppe på egga som går opp mot toppen av Slogen. Her møter ein råsa som kjem frå Patchellhytta. Her ifrå kan ein sjå toppen, og dersom ein syntes at dei siste høgdemeterane i lia var litt tunge, så vil ein forhåpentligvis kunne glede seg over ein auka motivasjon når ein ser at målet er innan rekkevidde. Vidare oppover mot toppen så er det greit å sjå kvar ein skal gå, og ryggen er ikkje spesielt luftig. Det er først dei 20 siste metrane det kan vere litt krevande å finne ein god veg, og ein må rekne med litt småklatring. Det skal imidlertid gå fint så lenge ein ikkje held for langt mot høgre.
Ein kan rekne med å vere oppe på omlag 5 timar, dersom ein går jamnt og trutt. Pausar kjem i tillegg. Topplatået er luftig og ikkje spesielt stort, men det gir til gjengjeld ei heilt ubeskrivelig vakker utsikt mot ein grønblå fjord og alpine, snødekte fjell. I nedstigninga bør ein halde tunga beint i munnen og trå forsiktig ned det første og brattaste partiet, men etter det er det igjen greit å følge råsa heile vegen ned igjen. Heile nedstiginga vil sannsynligvis ta ca 2-3 timar.