Enkel og kort tur frå Berge i Etne til Hodlestadnuten. Turen er 4 km tur/retur og har ein stigning på om lag 430 høgdemeter, og har nokre bratte parti. Hodlestadnuten ligger på 675 moh. Frå Berge går ein på traktorveg halve vegen. Der traktorvegen sluttar er det tydelig sti mot toppen, men ikkje merka. Frå toppen er det flott utsikt over Etne-bygda og Etnefjorden. Ein ser også innover Etnefjellet og til Folgefonna.