Denne ruta til Ljosavatnet startar på Ryssingen (Augastadsølen). Følg merka skogsveg/sti opp til Skårsete. Rett forbi det øvste stølshuset går det ein tydelig sti til venstre (rett opp), merka med raude T-ar. Følg denne til du kjem over ei bekkakløft og opp til litt over ein saltstein. Her går du av stien og svingar til venstre/vest. Her er det ikkje sti/merking men fint terreng å gå i. Hald kursen vest (sydvest) mot Juvevarden. Det er ein nedgang frå eit brot der stien frå Djuva kjem opp. Rund bak Juvevarden og følg terrenget vidare mot Sneldevatnet. Dette rundar du på nedsida. Rund så til venstre (vest) og inn mot Ljosavatnet. Det er greitt terreng med delvis sti på strekkja inn til vestenden av vatnet.
Alternativ rute: Sti opp til Ljosavatnet frå Kolltveit, 'Eika/Øyjordsvatnet via Olshiller. Eller frå Djuva og opp (denne kryssar rute som er beskrive frå Augastad ved Juvevarden.