Fottur frå Grimeland til Skogstadfjellet 727moh.

Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 6,1 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 598 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Skogstadfjellet

Fjellet ligg i Angedalen, på sørsida, og grensar såleis mot Jølster. Toppen er på 727 moh. og kan nåast frå fleire utgangspunkt. Kortaste ruta er frå Grimeland.
Du kan parkere i vegkanten øverst på Grimland, utkøyring/grusplass ved offentleg veg.

Første stykket går på gamal traktorveg , vekslar mellom litt ope terreng og granskog. Etter ca 1 km går ein av vegen og inn i eit granfelt på ein gamal sti, men her er åpent og lett å gå. Nett der granskogen sluttar kjem ein til ei gamal stølstomt (Hogastølen). Vidare er terrenget prega av lyng og tidvis myr. Ein føl dalsøkket ovanfor (sørlege sida) slakt oppover, mot Tynninga, til det nesten vert flatt. Så svingar ein nitti grader til venstre og startar på den brattaste delen av turen.

Ein går nokre svingar i litt ulent terreng til ein kjem opp på ryggen. Vel oppe på kanten er den beste stien mot toppen på sørsida av ryggen. Ein kan også gå oppover ryggen utanom stien. Ďet ligg ein varde på ein stor stein på venstre sida, mot Angedalen, men la deg ikkje lure. Dette er eit fint utsiktspunkt, men er ikkje toppvarden . Du er nesten ved målet, gå nokre hundre meter til og du ser den fine runde varden som er topp-punktet. Ruta er merka frå hovudvegen til ein kjem opp på kanten av ryggen.

Om sommaren og hausten kan terrenget på denne turen innby til sopp- eller bærplukking.

Adkomst med egen bil

Frå Førde køyrer du Angedalsvegen, Fv481, til Angedalen skule. Ta av til høgre, over elva og følg deretter vegen mot venstre ved skulen, over Grimelandshaugen og litt nedover attende mot Førde. Parker på grusplass ved sidan av kommunal veg.

Annonse